Krav om skriftlege bodrundar

07.01.2014 — 1. januar trådde dei nye reglane om skriftlege bodrundar i kraft. – Dette vil gjere det tryggare for forbrukarane å kjøpe bustad, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Den største endringa er at alle bod, akseptar og avslag no skal skal skje skriftleg. Også informasjon frå meklar til bodgjevarane om status i bodrunden skal skje skriftleg. I tillegg må alle bodgjevarar legitimere seg før dei kan gi bod. I praksis vil kravet til skriftlegheit vere oppfylt dersom ein sender tekstmelding eller e-post, og legitimering kan blant anna skje ved å sende meklar eit bilete av eit legitimasjonsdokument.Somme gonger oppstår det usikkerheit i etterkant av bodrunden når det gjeld kven som har lagt inn bod og kva informasjon som er gitt. Ved å krevja at heile prosessen skal skje skriftleg kan ein enkelt gå tilbake og undersøke kva som er formidla til partane undervegs i bodrunden.

– Endringa vil medføre at bustadkjøparar kan føle seg trygge på at alle boda som blir lagt inn er reelle, og at informasjonen dei gir og får kan kontrollerast i etterkant, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Betre tid

I tillegg til å sikre dokumentasjon for ettertida, vil kravet til skriftlegheit både frå kjøpar og meklar kunne føre til at dei involverte får betre tid i prosessen, noko som også kan vere positivt. I dei store byane skjer bodrunden ofte raskt. Ved å stilla krav til skriftleg kommunikasjon må akseptfristane truleg forlengast.

– Meklar vil måtte avpasse tempoet i bodrunden for å få gitt alle involverte skriftleg informasjon undervegs. Dette vil forhåpentlegvis ha som følgje at ein unngår dei kortaste bodfristane og mest hektiske bodrundane,  seier Nergård.

24.06.2019

Varsler bransjen om prismarkedsføring på flyreiser

Flere tilbydere av flyreiser bryter med markedsføringsloven når de oppgir for lav totalpris på flyreiser på sine nettsider. Forbrukertilsynet har nå sendt ut brev til tre norske selskaper og ett svensk.