Vil ikkje kutte garantitida på nye bustader

07.12.2017 — Etter innspel frå Forbrukarombodet har Justis- og beredskapsdepartementet valt å behalde garantitida på nybygg på 5 år. – Ein siger for bustadkjøparane, meiner Forbrukarombodet.
Bildet viser ei hånd som holder en nøkkel, med bybildet i bakgrunnen

FORBRUKARVENLEG FORSLAG: Justis- og beredskapsdepartementet vil behalde garanti på fem år ved kjøp av nye bustader.

Forbrukarar som kjøper prosjekterte bustader har i dag fem års reklamasjonsrett overfor entreprenøren, med ei tilsvarande lang garantitid. Eit offentleg utval foreslo i fjor å kutte garantitida frå fem til to år, noko Forbrukarombodet var sterkt kritisk til.

No har Justis- og beredskapsdepartementet valt å lytte til innspela, og behalde garantitida slik den er i dag.

Store konsekvensar

– Sjølv om dei fleste feila ved nye bustader blir oppdaga raskt, ville enkelte forbrukarar kunne lide store økonomiske tap dersom garantitida blei korta ned. Vi er difor glade for at departementet har høyrt på oss i denne saka, seier avdelingsdirektør Tonje Hovde Skjelbostad.

Les departementet sitt forslag til lovvedtak.

Den viktigaste fordelen med garantien er at bustadkjøparen kan gå rett på garantisten viss entreprenøren ikkje har moglegheit til å rette manglane eller betale erstatning. Dette vil vere aktuelt viss for eksempel entreprenøren går konkurs. Det er ikkje uvanleg at utbyggjarane opprettar eit selskap berre for å byggje eit enkelt prosjekt, og avviklar selskapet når prosjektet er over.

Viktig tryggleik

– Fallet vi har sett i bustadprisene den siste tida har aktualisert dette spørsmålet. Når marknaden er usikker, er det viktig at forbrukarane kan vere trygge på at feil og manglar på bustaden blir retta oppi, også sjølv om entreprenøren går konkurs, seier Skjelbostad.

Les også: Advarer mot kortere garantitid for nybygg

Departementet går også inn for å stille krav om garanti for fullførte nybygg. Dermed vil kravet om garanti på fem år også gjelde for bustader som blir selde inntil 6 månader etter at dei er ferdige. Dette er eit tiltak Forbrukarombodet også har støtta i vårt høyringssvar.

 

13.12.2018

Vi legger farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.