ICPEN

Forbrukarombodet er medlem i ICPEN (International Consumer Protection and Enforcement Network) – eit internasjonalt og verdsomspennande nettverk for organ som handhevar reglar om ulovleg marknadsføring og forbrukarvern.

ICPEN møtest som regel til to årlege konferansar. I tillegg til konferansane deltek ombodet i ulike samarbeidsinitiativ i regi av ICPEN, for eksempel Best Practice Training Sessions, Fraud Prevention Month og ICPENs Internet Sweep Day.

Arbeidet i ICPEN-nettverket er viktig for å knytte band til handhevings­organ i land der Forbrukarombodet ikkje allereie har sterke samband. I tillegg fungerer ICPEN som ei nyttig kjelde til informasjon, gjensidig læring og felles initiativ til problemløysing ved grenseoverskridande forbrukarproblem.

Nettverket har for eksempel ferdigstilt ein prosedyre som medlemslanda blir anbefalte å følgje når dei krev stenging av nettstader som spreier ulovleg marknadsføring. Dette er noko Forbrukarombodet vil gjere bruk av i det vidare arbeidet med ulovleg marknadsføring frå utanlandske aktørar rett mot norske forbrukarar.

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.