– Ved å bruke slike påstandar kan forbrukarane få inntrykk av at DNB Eiendom er suverent betre enn andre tilsvarande meklartenester. Med mindre dette lar seg bevise, så blir forbrukaren villeia til å inngå ein avtale på feil grunnlag, seier forbrukarombod Gry Nergård.
«Ny teknologi revolusjonerer måten vi selger bolig på i Norge. Få 40 prosent flere på visning med våre annonser som vi vet treffer folk som er på boligjakt.»
Slik prøver DNB Eiendom å lokke til seg fleire potensielle kundar i ein fersk reklame. Forbrukarombodet stiller spørsmål ved lovnadane selskapet kjem med.
Det er ikkje lov å komme med påstandar om faktiske forhold i reklame, dersom du ikkje kan bevise dei. Med mindre DNB Eiendom sitt med talmateriale som viser at dei kan trekkje 40 prosent fleire på visning, vil altså reklamen være ulovleg.
– Det er stor konkurranse mellom meklartenester. Selskapa må difor reklamere for tenestane sine på like vilkår. Det er ulovleg å gi inntrykk av at ein har ein særleg konkurransefordel overfor andre dersom dette ikkje er tilfellet, seier Nergård.
DNB Eiendom er bedt om å leggje fram dokumentasjon for reklamepåstandane eller endre marknadsføringa. Svarfrist er 10. juni.