Gode resultat i eit krevjande år

I 2025 fekk Forbrukartilsynet 6429 tips og 6148 meklingssaker, og vi svarte på 6133 telefonsamtalar. Les meir om kva vi gjorde i 2025 i den flunkande nye årsrapporten vår.

Publisert:

«Forventninger fra myndigheter, forbrukere og næringsliv er stadig økende. Slik jeg ser det har vi likevel levert gode resultater i 2025,» skriv direktør Bente Øverli i årsrapporten.

Ho trekker fram at Forbrukartilsynet i 2025 reduserte ventetida på mekling med 37 %, og gjennomførte målretta tilsyn på område med stor risiko for forbrukarutfordringar. Brot på regelverket er følgt opp med tydelege reaksjonar der det har vore nødvendig.

Du kan lese heile årsrapporten i PDF-format her.

Bente Øverli, direktør i Forrbrukertilsynet.

142 tilsette på fire kontorstader

Ved slutten av 2025 hadde Forbrukartilsynet 142 tilsette. 91 i Porsgrunn, 27 i Tromsø, 20 i Stavanger og fire i Longyearbyen.

67,6 prosent var kvinner, og 32,4 prosent menn.

Vi tilsette 32 nye medarbeidarar i 2025, 10 menn og 22 kvinner.

Bilar, elektronikk og varer til bustad

Vi fekk inn 6148 meklingssaker i 2025. Dette er ein nedgang på 26 % samanlikna med  2024. Vi meiner dette heng saman med innføringa av gebyr for mekling 1. juli 2024. Det ser ut til at gebyrordninga bidrog til færre innkomne saker, særleg i den første tida etter innføringa.

Faksimile av side fra Forbrukertilsynets årsrrapport. Illustrasjonen viser at 34% av tvistesakene handlet om transportmidler, 14% om elektroniske produkter, 14% om varer til bolig, 12% om håndverkertjenester, 12% om klær og fritidsartikler, 4% om personlig pleie og 8% om andre saker.

34 prosent av meklingssakene handla om bilar og andre transportmiddel.

15 prosent dreidde seg om elektroniske produkt, medan 14 prosent handla om varer til bustad.

40 prosent av sakene vi behandla blei løyst på minneleg vis. Totalt blei 78 prosent løyst eller avslutta gjennom mekling, rettleiing eller på andre måtar.

I 2024 var ventetida før meklingssakene blei fordelt til meklar omtrent 9,5 månader. Ved utgangen av 2025 var ventetida redusert til rundt 6 månader. Dette svarer til ein reduksjon på 37 prosent.

Den gjennomsnittlege meklingstida låg på 33 dagar.  Til saman var gjennomsnittleg behandlingstid på 311 dagar. Dette er framleis høgare enn resultatkravet på 120 dagar, og Forbrukartilsynet jobbar framover med å forbetre og effektivisere arbeidsmetodane våre.

Prioriterte område

Når det gjeld tilsynsarbeidet, har vi levert på alle områda Barne- og familiedepartementet har bedt oss om å prioritere. Vi har mellom anna samarbeida med andre aktørar for å styrke handhevinga av forbrukarvernet for barn. Vi har óg prioritert internasjonalt samarbeid, og arbeidet med straum, finansielle tenester, daglegvaremarknaden og åpenhetsloven.

I 2025 tok vi opp 170 saker med næringsdrivande, og fatta 11 vedtak med tvangsmulkt og/eller lovbrotsgebyr. Talet på orienteringsbrev og rettleiingar var på 309.

Vi fekk totalt 6429 tips om moglege lovbrot. Vi fekk mellom anna 201 tips om daglegvarebransjen, 288 tips om marknadsføring til barn, 16 tips om russ og 111 tips om manglande eller dårleg merking av reklame i sosiale medium.

Eit meir komplekst og krevjande forbrukarlandskap

Utfordringane for norske forbrukarar blir stadig meir komplisert og samansett. Dei neste åra vil krevje eit tilsyn som er meir framsynt, meir datadrive og meir strategisk i prioriteringane. Derfor starta vi i 2025 på eit  større organisasjonsutviklingsprosjekt satsing med særleg vekt på digital utvikling.  

Målet vårt er å sikre at forbrukarvernet står sterkt og at vi har eit ansvarleg næringsliv også når marknadene blir meir komplekse og krevjande å regulere og handheve.

Med gode verktøy og rett kompetanse, og gjennom tydeleg prioritering, vil Forbrukartilsynet kunne halde fram med å levere eit sterkt og relevant forbrukarvern i møte med framtida.

Flere artikler

Brøt regler som verner barn mot kroppspress

Tre kosmetiske klinikker fortsatte å bryte loven etter veiledning fra Forbrukertilsynet. De ble varslet tvangsmulkt, men sakene er avsluttet etter at klinikkene har innrettet seg.