Gir deg pengane tilbake

06.11.2015 — Om vara du kjøpte på internett ikkje dukkar opp, lovar Visa deg pengane tilbake. Etter krav frå Forbrukarombodet vil alle bankane no ta desse rettane inn i sine kortvilkår.
bankkort. foto

GODE RETTAR: Visa Noreg har fleire gonger fremheva dei gode vilkåra for netthandel i eigen marknadsføring. Forbrukarombodet er glade for at bankane har bekrefta at dei vil gi kundane desse rettane og få dei inn i sine kortavtalar.

Mange er kjent med at finansavtalelova gir deg rett til å krevje pengane tilbake frå banken om du har betalt med kredittkort, og vara eller tenesta du har kjøpt ikkje blir levert eller har manglar. Mindre kjent er det at Visa frivillig gir deg liknande rettar når du brukar deira debetkort*.

Innrettar seg

Då Forbrukarombodet i sommar gjekk igjennom kortavtalane til norske bankar viste det seg at Gjensidige bank, DNB, Nordea og Skandiabanken ikkje hadde tatt desse særvilkåra inn i kortavtalane du inngår med banken.

Forbrukarombodet kravde at bankane måtte få dette på plass, og no har bankane stadfesta at dei vil rette seg etter kravet.

– Visa Norge har fleire gonger framheva dei gode vilkåra for netthandel i eigen marknadsføring. Vi er glade for at bankane har stadfesta at dei vil gi kundane desse rettane og få dei inn i sine kortavtaler, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Kan krevje pengane tilbake

Når du handlar med Visa kan du, ifølgje Visas interne retningslinjer, krevje pengane tilbake om ein vare eller teneste du har kjøpt på internett ikkje blir levert, er skada eller øydelagd. Du kan også krevje erstatning om selskapet du har handa frå går konkurs før du har motteke det du har bestilt. Dette kan for eksempel vere aktuelt om du har bestilt ei reise med et flyselskap som går konkurs før avreise.

Sjå Forbrukarrådet sin video om trygg netthandel.

07.08.2019

Arendalsuka 2019 – Kroppspress i sosiale medier

Forbrukertilsynet arrangerer debatt om kroppspress i sosiale medier sammen med Medietilsynet og Barneombudet på Arendalsuka i år! Med oss har vi flere viktige og interessante stemmer. Hold av tidspunktet!