Get vil slutte med tvungent koplingssal

14.10.2015 — Get har i dag lagt ein plan på bordet for avvikling av tvungent koplingssal. Forbrukarombodet tar difor ikkje saka til Marknadsrådet.

I desember i fjor konkluderte Forbrukarombodet med at tvungent koplingssal er ulovleg, og har sidan forhandla med selskapa for å få dei til å avslutte praksisen.

Onsdag hadde Forbrukarombodet eit møte med Get. Der la selskapet på bordet ein plan for avvikling. Forbrukarombodet er tilfreds med planen, både med omsyn til tidsperspektiv og innhald, og vil difor ikkje ta saka vidare til Marknadsrådet.

Viktig avgjersle

– Vi er glade for at Get har ein konkret plan for når dei vil avslutte praksisen med tvungent koplingssal. Dette er ei avgjerd som vil ha stor verdi for mange forbrukarar, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Ombodet let det vere opp til Get å kunngjere tidsplanen.

Tal frå Nkom syner at om lag 50 prosent av dei som har høghastigheitsbreiband i dag, får dette levert via kabel-TV. Get og Canal Digital har ein marknadsdel på om lag 90 prosent i kabelnettet.

Får jamleg førespurnader

Forbrukarombodet får jamleg førespurnader frå forbrukarar som er utolmodige og leie av at kabelselskapa krev at dei betalar for eit TV-tilbod dei ikkje nyttar.

– I dag treng alle nettilgang, men for mange er ikkje TV lenger eit nødvendig gode. Det er urimeleg at forbrukaren ikkje kan velje bort ekstrakostnaden for TV-signal, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Måndag vil Forbrukarombodet møte Canal Digital for å snakke om deira planer for å frigje sine kundar.

20.05.2019

Tilsynene skriker ikke, vi veileder

KRONIKK: «Og hvis det iblant trengs litt skriking for å få det til, ja så skriker vi gjerne litt», skriver direktørene i Medietilsynet og Forbrukertilsynet.