Det går mot betre parkeringsreglar for forbrukarane

15.09.2014 — Eit forslag til nytt parkeringsregelverk frå Samferdsledepartementet skal gjere parkeringsverksemd meir forbrukarvennleg. – Endringane som blir foreslått, er noko vi veit mange forbrukarar vil bli godt nøgde med, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Bildet viser tidligere forbrukerombud Gry Nergård

Forbrukerombud Gry Nergård

Mange har nok opplevd at feilparkering kan verte ein kostbar bommert. Men no kan nye reglar gje deg som forbrukar betre vilkår når du skal setje frå deg bilen i tettbygde strøk.

Samferdsledepartementet har nyleg hatt eit forslag til nye felles parkeringsregelar for offentleg og privat parkering ute på høyring.

Her legg departementet mellom anna opp til:

  • felles regulering av privat og offentleg vilkårsparkering med gratis innklaging til parkeringsselskapet og parkeringsklagenemnda.
  • at parkeringsvakter ikkje kan få løn gjennom provisjon.
  • at gebyrsatsane skal vere delt i tre nivå utifrå alvorsgrad.
    Forbrukarombodet har i år prioritert å jobbe med spørsmål knytt til bil, og er difor positive til at arbeidet med parkering no ser ut til å bere frukter.

– Vi har lenge jobba for at forbrukarane skal få betre vilkår og klagerett for parkering. Det er difor særs positivt at mange av punkta vi meiner er viktige, no ser ut til å komme inn i regelverket, fortel forbrukarombod Gry Nergård.

Tidsbuffer og rimelegare sanksjonar

I forslaget får forbrukaren ein buffer på fem minutt, både som omrømmingstid til å setje seg inn i vilkåra før ein vel å parkere, og som tidsmargin før kontrollsaksjon vert pålagd etter at billetten har gått ut.

Det kan også bli slutt på urimeleg dyre gebyr. I forslaget til tredelt sanksjonssystem kan forbrukaren få gebyr på 300, 600 eller 900 kroner, alt etter kor alvorleg regelbrotet er. 600 kroner blir ordinær sats. 300 kroner er foreslått sats for regelbrot knytt til tidsavgrensa gratisparkering, gjesteparkering og kundeparkering.

Einaste regelbrot som er foreslått straffa med 900 kroner, er parkering på plass for forflytningshemma.

Forbrukarvernet bør gå tydeleg fram

I forslaget blir det peika  på ein del situasjonar som av erfaring har skapt særskilde praktiske problem ved parkering for forbrukarane. Dette gjeld til dømes dersom billetten ikkje ligg synleg ved kontroll, men blir vist fram i ettertid, at automaten er i ustand eller ved betaling til feil automat.

Departementet har i høyringsforslaget kome med ei anbefaling om korleis desse situasjonane skal løysast. Ombodet meiner forslaga er av stor praktisk betyding for forbrukarane og at løysingane difor bør gå klart fram av det nye regelverket.

I tillegg oppfordrar ombodet lovgjevar om å konkretisere krav om god skilting i det nye regelverket.

– Vi er totalt sett positive til forslaget til nytt felles parkeringsregelverk, og håpar departementet vil vurdere ytterlegare forbetringar for å sikre forbrukarane mest mogeleg rettferdige vilkår ved parkering, avsluttar Nergård.

21.03.2019

Reklame i skolen

Forbrukertilsynet har nå sendt ut et orienteringsbrev til alle grunnskoler i Norge for å sette fokus på forekomst av reklame i skolen, samt regler for reklame rettet mot barn.