Fullt medhald for Forbrukarombodet i sak mot Telinet Energi

29.03.2012 — Borgarting lagmannsrett har slått fast at straumselskapet Telinet sine vilkår om 1 års bindingstid og 900 kroner i oppseiingsgebyr på produktet “spot med prisgaranti” er urimelege og ulovlege etter marknadsføringslova.

Telinet sine vilkår om bindingstid og oppseiingsgebyr førte til at kundane vart innelåst i avtalen i eitt år, utan at forbrukarane fekk nokon reell økonomisk fordel tilbake.

– Forbrukaren kan ha mange gode grunnar til å byte straumleverandør. Det er eit viktig prinsipp at forbrukaren fritt skal kunne seie opp løpande avtalar om levering av straum utan å måtte betale for dette, seier forbrukarombod Gry Nergård.

I tillegg til at forbrukarane ikkje fekk nokon økonomisk fordel av å binda seg til avtalen med Telinet, la lagmannsretten også vekt på at Telinet sin praksis med å forskotsfakturere kundane gjer at mange kundar ynskjer å gå ut av avtalen. Ved å ha bindingstid og oppseiingsgebyr på avtalen vil kundane anten måtte betale seg ut av avtaleforholdet, eller finne seg i å vere Telinet-kundar til avtaletida er over.

– Forbrukarombodet har gjennom ein lang rettsprosess hevda at Telinets vilkår om bindingstid og oppseiingsgebyr er urimelege. At lagmannsretten no stadfestar dette er en viktig siger for kundane til Telinet som har vore utsett for dei urimelege vilkåra, seier Gry Nergård.

Kva skjer med klagane på oppseiingsgebyr?

Dommen slår fast at Telinet ikkje lenger kan marknadsføre og selje straumproduktet “spot med prisgaranti”, eller avtalar med tilsvarande vilkår om bindingstid og oppseiingsgebyr. Mange forbrukarar har klaga til både Forbrukarombodet og Elklagenemnda på desse avtalevilkåra.
Elklagenemnda, som handsamer dei einskilde klagene frå forbrukarar som har nekta å betale oppseiingsgebyret, har sagt at dei ikkje vil handsame klagene på Telinet sine vilkår før dommen i saka er rettskraftig. Telinet har ankefrist til 12. april 2012. Dersom firmaet ikkje ankar dommen, er saka endeleg avgjort. Elklagenemnda vil då ta stilling til klagene dei har fått. Sjå www.elklage.no for meir informasjon.

12.01.2021

Forbrukertilsynet tar imot klager på varer og tjenester

Vil du klage på en vare eller tjeneste du har kjøpt? Trenger du hjelp til å løse en konflikt med en selger? Nå kan du melde inn nye meklingssaker til Forbrukertilsynet.