Freista av konkurransar på nettet? «Premien» kan vere spam

02.07.2014 — «Gratis gåvekort», «Send SMS for å få premien», «Vinn tur til New York!» – Internett bognar av forlokkande konkurransar. Men du bør tenkje deg om før du tek del: ofte er det einaste du vinn, spam i innboksen, plagsamt telefonsal eller ei «gåve» som kostar deg dyrt.
Bilde tviser en person som sitter på kafè og taster på telefonen sin. Det en kaffekopp i forgrunnen og en i bakgrunnen

REKLAME: Personleg målretta marknadsføring vert stadig meir omfattande og attraktivt for annonsørar. Og det er nettopp dette dei næringsdrivande ønskjer å nytte kontaktopplysingane dine og data frå sosiale medium til.

Du skal ikkje surfe lenge på nettet før dei dukkar opp: konkurransar og spørjeundersøkingar som lokkar med drustelege premiar. Kven har vel ikkje lyst på ein luksuriøs ferietur eller ein spildrande ny mobiltelefon, «heilt gratis»?

Men om du kleiar etter å klikke for å vinne premien, bør du hugse at medaljen ofte har ei bakside.

– Målet med slike konkurransar og spørjeundersøkingar er først og fremst å tene pengar. Du bør setje deg godt inn i kva du blir med på, før du vel å melde deg på slike konkurransar og undersøkingar, oppfordrar juridisk direktør Frode Elton Haug.

Slår mynt på kontaktopplysingane dine

Sjølv om det tilsynelatande er gratis å ta del i ein konkurranse, betalar du med noko som er verdifullt for arrangørane – kontaktopplysingane dine

Personleg målretta marknadsføring vert stadig meir omfattande og attraktivt for annonsørar. Og det er nettopp dette dei næringsdrivande ønskjer å nytte kontaktopplysingane dine og data frå sosiale medium til.

– Om du til dømes må like eller følgje eit selskap på nettsider for å ta del i ein konkurranse, gir du selskapet mogelegheit til å sende deg og vennane dine reklame via oppdateringar på Facebook og liknande, seier Elton Haug.

Spam og telefonsal kan verte premien

Mange næringsdrivande lagrar kontaktopplysingar som forbrukarar gir frå seg, for å sende ut marknadsføring eller selje dei vidare til andre som vil drive marknadsføring.

Forbrukarombodet får mange klager frå forbrukarar som vert overleste av uønskt e-post etter å ha vore med i konkurransar. Mange vert også oppringde av telefonseljarar trass i at dei er reservert mot dette, fordi dei har teke del i nettkonkurransar.

Om du likevel ønskjer å ta del i konkurransar og spørjeundersøkingar på Internett, er det lurt å ha ei eiga e-postadresse som du nyttar når du skal registrere deg. Då slepp du at den personlege e-postkassa di vert full av reklamemeldingar.

– Du bør også unngå å skrive inn telefonnummer og avstå frå å samtykke i at næringsdrivande kan ringje deg trass i at du står oppført i Reservasjonsregisteret, med mindre du ønskjer å verte ringd opp, rår Elton Haug.

Skjuler abonnement bak vareprøver

Mange konkurransar og spørjeundersøkingar vert nytta til å selje varer og tenester. Ofte får forbrukaren inntrykk av at takka for å svare på nokre spørsmål, er ei uforpliktande vareprøve. I realiteten er det snakk om negativt sal – selskapet teiknar abonnement på varen eller tenesta for deltakarane.

Enkelte aktørar sender også ut e-post med tilbod om å vinne gåvekort frå daglegvarekjeder. Men dei som står bak, er leverandørar av mobile innhaldstenester. Dermed risikerer forbrukarar som tek del i konkurransen, å måtte betale for eit abonnement på mobilrekninga.

– Det er både villeiande marknadsføring og negativt sal når selskapet gir inntrykk av at forbrukarane skal få ei gratis uforpliktande vareprøve, men i staden får eit abonnement som kostar pengar, seier Elton Haug.

Dette bør du sjekke før du blir med

  1. Les vilkåra nøye før du kryssar av for at du godtek dei.
  2. Søk på nettet og finn ut kven som eigentleg står bak konkurransen.
  3. Takkar du ja til å vert kontakta med tilbod frå selskapet bak konkurransen eller andre samarbeidspartnarar?
  4. Ver på vakt om du må skrive inn mange detaljerte opplysingar for å ta del.
  5. Tenk nøye gjennom tilbod du får per telefon før du godtek tilbodet skriftleg.
  6. Hugs: Sjølv om du har rett til å trekkje attende samtykke til å ta imot marknadsføring, er ikkje dette alltid like enkelt i praksis. Opplysingane dine kan allereie vere spreidde til mange ulike annonsørar og andre aktørar.
13.12.2018

Vi legger farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.