Vår saksgang

Publisert:
Oppdatert:
Forbrukartilsynet behandlar klager frå forbrukarar og næringsdrivande, men tek også opp saker på eige initiativ.

Vi kan forby næringsdrivande å halde fram med å bruke eit ulovleg marknadsføringstiltak eller ulovlege avtalevilkår. Eit vedtak kan rettes både mot verksemda som bryt lova og personar eller andre verksemder som medverkar til lovbrotet. Den næringsdrivande kan klage eit slikt vedtak inn for Marknadsrådet, men vedtaket tek til å gjelde frå det tidspunktet da det er fatta.

Sanksjonar

Hovudregelen er at det skal fastsetjast ei tvangsmulkt i tilknyting til dei vedtaka Forbrukartilsynet gjer. Plikta til å betale tvangsmulkta blir utløyst dersom eit vedtak blir brote. Forbrukartilsynet vil då fatte vedtak om at den næringsdrivande skal betale tvangsmulkta. Dette kan klagast inn for Marknadsrådet på same måten som eit opphavleg vedtak. Endeleg vedtak om å betale tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

Dersom ein næringsdrivande aktlaust eller med forsett bryt visse reglar i marknadsføringslova eller angrerettlova og brota blir vurderte som vesentlege, eller fordi dei har skjedd fleire gonger, kan Forbrukartilsynet fastsetje eit lovbrotsgebyr som den næringsdrivande må betale. Vedtak om lovbrotsgebyr kan klagast inn for Marknadsrådet.