Forbrukarvern innanfor EU/EØS

Det meste av regelverket Forbrukarombodet fører tilsyn med, er forordningar og direktiv frå EU som er tekne inn i norsk rett, blant anna i marknadsføringslova og angrerettlova. Det er i stor grad dei same reglane som gjeld i alle EU/EØS-land.

EU vedtok i 2004 den såkalla samarbeidsforordninga (CPC-forordninga). Ho gir alle EU- og EØS-land påbod om å samarbeide i saker der det blir drive ulovleg marknadsføring over landegrensene. Dette gir Forbrukarombodet moglegheit til å be styresmaktene i det EU-landet der ein utanlandsk næringsdrivande er etablert, om å gripe inn mot ulovleg marknadsføring eller bruk av urimelege avtalevilkår.

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større prosjekt og felles tilsynsaksjonar med utgangspunkt i samarbeidsforordninga, blant anna om kjøp av digitale ytingar i spel (in-app kjøp) og urimelege avtalevilkår i forbrukarkontraktar.

Sjå meir informasjon om den europeiske forbrukarlovgivinga og samarbeidet mellom forbrukarorgana for å verne forbrukarar her.

Den norske forbrukarpolitikken blir òg i stor grad prega av pågåande EU-prosessar. Særleg viktig er kommisjonens strategi for ein digital indre marknad, der det blir arbeidd med ei rekkje initiativ til ny lovgiving som vil gjelde interessene til forbrukarane.

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.