Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

07.12.2018 — Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.

Illustrasjon av en mann med hus, bil og masse gjeld som tynger ham ned.

Forbrukartilsynet har sett fleire døme på at finansføretaka ikkje hentar inn gode nok opplysningar om kundens inntekt og relevante utgiftar. I mange tilfelle blir det brukt ei forenkla kredittvurdering før det gis kreditt.

– Det er eit problem at mange i dag får forbrukslån som openbart ikkje burde hatt det, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

– Kredittytarar har plikt etter lova til å sjekke forbrukarens kredittverdigheit før ein inngår avtale. Vi håper presiseringa i denne forskrifta vil legge lista høgare for å få forbrukslån.

Retningslinjer ikkje nok

Utkastet til forskrift er utarbeida av Finanstilsynet på oppdrag frå Finansdepartementet. Forbrukartilsynet har tidlegare gitt full støtte til Finanstilsynets utkast til retningslinjer for forbrukslån i 2017, men framleis har mange finansføretak ikkje innretta seg etter retningslinjene.

– Derfor meiner vi det er viktig å forskriftsfeste disse retningslinjene og vi støttar i all hovudsak innhaldet som er føreslått, med enkelte unntak, seier Haugseth.

– Eitt svakt punkt i Finanstilsynets utkast til forskrift er at dei opnar for at kredittytarar kan fråvike forskrifta i visse tilfelle. Vi meiner dette er i strid med finansavtalelova og ønskjer at denne moglegheita blir innskrenka.

13.12.2018

Ikke legg farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.