Forbrukartilsynet søker kommunikasjonsrådgjevarar

05.07.2021 — Forbrukartilsynet søker to kommunikasjonsrådgjevarar som kan vere med å synleggjere Forbrukartilsynets rolle som ein viktig og tydeleg samfunnsaktør, som sett grunnleggjande forbrukarrettar på dagsorden og får gjennomslag for dei sakene vi tek opp.

Forbrukartilsynets kontor i Porsgrunn. Foto: Dag Jenssen / Forbrukartilsynet.

Som kommunikasjonsrådgjevar bidrar du til Forbrukartilsynets eksterne og interne kommunikasjonsarbeid. Kommunikasjonseininga ligg som ein stabsfunksjon under direktøren, og jobbar tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Du vil mellom anna rådgje leiinga og andre tilsette i kommunikasjonsfaglege spørsmål og utvikling av bodskap, handtere presse og sosiale medium, produsere innhald til ulike kanalar samt planlegge arrangement. Kommunikasjonseininga har òg ansvar for vidareutvikling av nettsida og medieanalyse, og du vil bidra til det strategiske kommunikasjonsarbeidet.

Forbrukartilsynet skal på sikt bygge opp ein større kommunikasjonseining med mangfaldige oppgåver, og du vil få moglegheit til å være med på denne prosessen. Kommunikasjonsarbeidet er eit av dei fremste verktøy til tilsynet for å nå ut til målgruppene våre og slik lukkast i å skape ein tryggare og enklare marknad for norske forbrukarar. Hos Forbrukartilsynet får du jobbe med spennande og varierte oppgåver i eit engasjerande arbeidsmiljø. Du vil få stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.

Kommunikasjonseininga søker no ein seniorrådgjevar og ein rådgjevar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

For seniorrådgjevarstillinga er kravet utdanning på masternivå. Du må ha god kjennskap til medias arbeidsmetodar og behov, og kunnskap om korleis ein mediesak blir til. Erfaring med nettpublisering og utvikling av nettsider er nødvendig, og du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne i begge målføre. For seniorrådgjevarstillinga er det òg ein fordel med WordPress-erfaring og kunnskap om oppbygging og utvikling av nettsider, design og navigasjonsstruktur, da ansvaret for utvikling av intranett og internett vil ligge hos denne stillinga. God teknisk kjennskap og ønske om ansvar for teknisk drift og problemløysing vil derfor vere ein fordel. Erfaring frå fotoredigering, produksjon og redigering av video, og/eller erfaring med profesjonelt arbeid i sosiale og andre digitale medium vil òg være en fordel.

Søkarar til rådgjevarstillinga bør ha kommunikasjonsfagleg relevant utdanning frå høgskule eller universitet, og relevant arbeidserfaring frå kommunikasjonsfaget eller journalistikk. Du må ha god kjennskap til medias arbeidsmetodar og behov, og kunnskap om korleis ein mediesak blir til. Erfaring med nettpublisering er ønskeleg, og du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne i begge målføre. Vi ser spesielt etter ein person som er idérik og har erfaring med sosiale medium og er god på grafikk, video og redigering. Grafikk og video vil brukas på heimesida, i eksternt informasjonsarbeid og i kanalane våre på sosiale medium. Saman med resten av kommunikasjonseininga vil rådgjevaren òg bidra til styrking av kommunikasjonsarbeidet til Forbruker Europa. Det er derfor ein fordel med interesse for internasjonalt kommunikasjonsarbeid, og du bør ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg.

For begge stillingane forventar vi at du har evne til å arbeide i team for å nå Forbrukartilsynets felles mål, samstundes som du òg må kunne jobbe systematisk, sjølvstendig, effektivt og med god fagleg kvalitet. Du bør ha god forståing for utfordringane som følgjar med å kommunisere på vegne av eit offentleg tilsyn.

Du bør ha interesse for forbrukarspørsmål, og vere samfunnsengasjert, kreativ og løysingsorientert.

Vi vil vektleggje at du er personleg eigna til stillinga.

Vi kan tilby

Rådgjevarstillinga blir lønna med eit lønnsspenn frå kr. 480 000 til kr. 530 000 pr år. Seniorrådgjevarstillinga blir lønna i lønnsspennet frå kr. 530 000 til kr. 650 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn.

Med stillingane kjem òg medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode ordningar for pensjon, lån og forsikring. Til dette vert det trekt 2 % av bruttolønn til lovfesta innskot. Vi har fleksibel arbeidstid og god kantineordning.

Forbrukartilsynet ønsker mangfald blant dei tilsette og deltar i regjeringas inkluderingsdugnad. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd og vi sørger for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med avdelingsdirektør Mona Sølland på telefon 901 88 824 eller senior kommunikasjonsrådgjevar Sjur Øverås Knudsen på telefon 93 23 73 48.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkarlista, jfr. offentleglova § 25.

Søknadsfrist er 26. juli.

Se annonsa og søk stillingane på Jobbnorge.no.

16.07.2021

Student til hausten? Les skulekontrakta nøye

Mange studentar ventar no spent på å få eit tilbod om ny studieplass til hausten. Forbrukartilsynet oppfordrar deg som er ny student til å gå nøye igjennom kontrakten før du skriv under.