Forbrukarombodet meiner tvungent koplingssal er ulovleg

12.11.2014 — Nordmenn som berre ønskjer Internett-tilgang frå kabelselskap, må også betale for TV-signal. Get og Canal Digital er no varsla om at Forbrukarombodet ser på praksisen som ulovleg.
Bildet viser en person som holder en fjernkontroll, og trykker på en knapp. I bakgrunnen er det en TV.

IKKE BARE INTERNETT: forbukare må betale for TV-tjenester for å få internett. – Det er urimeleg, seier forbrukerombud Gry Nergård.

Internett-tilgang vert ein stadig større føresetnad for å kunne delta i samfunnet. Og stadig fleire byter ut tradisjonell TV-sjåing med nyheiter og underhalding via streaming og nett-TV.Men tilboda frå kabelselskapa speglar foreløpig ikkje denne utviklinga. Aktørane krev at forbrukaren som vil inngå avtale om Internett-tilgang, også betalar for TV-signal frå same selskap – ei teneste forbrukaren ikkje nødvendigvis ønskjer å nytte seg av.

Forbrukarombodet har difor vurdert praksisen med tvungent koplingssal som forboden etter marknadsføringslova § 22. Ombodet varslar no selskapa Canal Digital og Get om at dei må endre måten dei tilbyr tenestene sine på.

– I dag treng alle nettilgang, men for mange er ikkje TV lenger eit naudsynleg gode. Det er urimeleg at forbrukaren ikkje kan velje bort ekstrakostnaden for TV-signal, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Hindrar forbrukaren i å shoppe rundt

Problematikken med lovstridig koplingssal frå kabelselskap angår særs mange norske forbrukarar: Tal frå Post- og teletilsynet syner at 50 prosent av dei som har høghastigheits breiband i dag, får dette levert via kabel-TV. Get og Canal Digital har ein marknadsdel på nær 93 prosent i kabelnettet.

Gjennom tvungent koplingssal blir forbrukaren nøydd til å kjøpe TV-tilgang frå éin bestemt leverandør for å få Internett-tilgang. Dersom ein opplever at TV-tenesta ikkje står til forventingane, må ein likevel betale for tenesta, sjølv om ein berre ønskjer å streame TV over Internett eller vil ha TV frå ein annan leverandør.

– Canal Digital har varsla at dei etter kvart vil endre praksisen med tvungent koplingssal, noko som er positivt. Men vi må i dialog med selskapet om korleis og kva tid dette skal skje. Get har ikkje gjeve signal om det same, og vi varslar difor selskapet om at også dei må avslutte den ulovlege praksisen, seier Nergård.

Urimeleg og i strid med marknadsføringslova

Hausten 2013 fekk Forbrukarombodet ei klage på bruk av tvungent koplingssal av TV- og Internett-tilgang. På bakgrunn av endringane i forbrukarkvardagen og kor viktig problematikken med koplingssal er, har ombodet behandla klagen etter marknadsføringslova.

Etter ei heilskapleg vurdering har ombodet konkludert med at praksisen til kabelselskapa er lovstridig.

Kabeltilbydarane har tidlegare hevda at det å skulle levere berre nettilgang, vil vere teknisk vanskeleg og kan gje dårlegare løysingar for kundar med analoge TV-signal. Men etter Forbrukarombodet si vurdering gir ikkje argumentasjonen grunnlag for å krevje kjøp av TV-tenester for å få Internett frå same leverandør.

Get og Canal Digital har fått frist til 3. desember med å svare på Forbrukarombodet si vurdering av ulovleg koplingssal.

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.