Forbrukarar klagar på radonmålarar

27.10.2017 — Radongass i heimen kan vere helsefarleg. La deg likevel ikkje skremme til å takke ja over telefonen til tilbod om å få målt radonnivået.

 

RADON: Det kan vere stor skilnad på nivået i ulike hus. At det kan vere helsefarleg er god butikk for seljarane. FOTO: Unsplash/Andrew Pons

Statens strålevern råda nyleg norske forbrukarar til å måle førekomsten av den radioaktive gassen radon i heimen sin i vinter. Men det er god grunn til å ikkje takke ja til første og beste tilbod om dette.

Telefonsal trass reservasjon

Forbrukarombodet har det siste året motteke nærare 40 klagar på ulike aktørar. Klagene er knytt til namna Norsk Radonrådgiving AS, Norsk Radon og Strålevern AS.

Fleire er ulovleg oppringde på telefonnumre som er reservert mot telefonsal. Seljarane har på si side forsvart seg med å seie at undersøkingar av radon er så viktige at dei ikkje kan ta omsyn til reservasjonane.

Spelar på frykt

– Sjølv om radon kan vere farleg og auke faren for lungekreft, bør ein ikkje takke ja til eit tilbod om måling i farta over telefon. Ta deg tid til å undersøkje fleire tilbod, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Forbrukarar som er oppringde har opplevd at seljarane spelar på frykt, mellom anna med å nemne kor mange som døyr av radon kvart år. Andre klagarar fortel at dei utan å vite det har hamna i abonnement dei ikkje har inngått kontrakt om, og at prøvene selskapet tok aldri vart analysert.

– For forbrukarar er det viktig å vite at ved telefonsal er du ikkje bunden av ein avtale før du har fått eit skriftleg tilbod og har takka skriftleg ja til dette tilbodet. Dette skal sørge for at forbrukarane får det vesentlege av informasjon om mellom anna pris og vilkår før dei inngår avtale, seier Haugseth.

Les meir: Åtvarar mot useriøse radonmålarar.

Lokale skilnader

Også Forbrukarrådet har fått spørsmål om slike aktørar.

Nokre av seljarane har sagt dei ringer på oppdrag frå Statens Strålevern utan at dette stemmer.

Høg førekomst av radongass kan vere avgrensa til små område, og det kan vere stor skilnad mellom to nabohus.

– Ein sjekk vinterstid kan vere klokt, men då bør ein først også sjekke om ein kan stole på dei som lover eit handfast prøveresultat, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Vit også at det ikkje er ditt ansvar å sjekke radonnivået dersom du leiger og ikkje eiger huset, seier Haugseth.

10.08.2020

Politiet henlegger Forbrukertilsynets anmeldelse av XXL

Forbrukertilsynet politianmeldte i januar sportskjeden etter at det ble avdekket at ansatte hadde foretatt fiktive kjøp for å skjule bruk av villedende førpriser. Nå har politiet henlagt anmeldelsen på grunn av kapasitetshensyn.