Forbodsvedtak mot Sport Outlet

24.08.2017 — Forbrukarombodet har fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt mot sportskjeda Sport Outlet for ulovleg prismarknadsføring. Viss selskapet bryt vedtaket må dei betale 800 000 kroner.

ULOVLEG: Det er viktig at prismarknadsføring er sannferdig og at salsvarer faktisk er sette ned i pris, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth. (Skjermdump frå marknadsføringa til Sport Outlet)

Sport Outlet har marknadsført sal utan reelle førprisar og nytta ikkje-reelle prisar for å samanlikne seg sjølv med konkurrentane.

Ulovleg marknadsføring

I vedtaket kjem det fram at Sport Outlet mellom anna har:

  • marknadsført nedsette prisar utan å oppgi at førprisane ikkje er frå Sport Outlet men frå konkurrentar
  • samanlikna eigne prisar med prisane frå Mammut.ch og Scantrade.no, grossistnettstader som norske forbrukarar normalt ikkje kan handle frå

– Som forbrukar på jakt etter gode kjøp let vi oss lett lokke av løfter om prisavslag. Difor er det viktig at prismarknadsføring er sannferdig og at salsvarer faktisk er sette ned i pris, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Les også: Forbudsvedtak mot XXL Sport og Villmark AS

Gjentekne lovbrot

Sport Outlet har både i 2013 og i 2017 underteikna skriftlege stadfestingar på at dei ikkje skal gjenta ulovleg prismarknadsføring.

– Sport Outlet har gjentekne gongar ikkje følgt reglane for prismarknadsføring. Difor har vi no fatta eit forbodsvedtak, seier Haugseth.

Viss selskapet bryt vedtaket må dei betale 800 000 kroner i tvangsmulkt. Sport Outlet kan klage vedtaket inn for Marknadsrådet.

 

17.07.2019

Blir du student høsten 2019? Husk å sette deg inn i skolekontrakten

Har du kommet inn på et nytt studie til høsten er det viktig at du setter deg inn i vilkårene til avtalen før du takker ja, spesielt om tilbudet er fra en privatskole.