Fleire brot på forbodet mot skjult reklame i nettaviser

30.05.2016 — Eit tilsyn med merking av reklame i fire av dei største nettavisene avdekte fleire lovbrot. VG og Nettavisen har fått beskjed om å endre ulovleg marknadsføring.

Endringar i medielandskapet og marknaden for annonsar har ført til at redaksjonelle mediar tek i bruk nye reklameformatar. Som eit resultat av denne utviklinga har Forbrukarombodet gjennomført eit tilsyn for å sjekke korleis reklame og kommersielle bodskap er presentert på fire av Noregs største nettaviser; vg.no, dagbladet.no, nettavisen.no og aftenposten.no.

Tilsynet blei gjennomført i veke 18, og avdekte fleire brot på forbodet mot skjult reklame.

– Forbrukarane har krav på å vite kven som er avsendar av bodskapen, om det er reklame eller journalistikk. Dette er viktig for at lesaren kan vurdere innhaldet på rett måte. Vårt tilsyn viser at fleire mediehus fortsatt har ein veg å gå for å gjere dette skiljet tydeleg for sine lesarar, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Avdekka fleire brot

Mens ombodet ikkje fant nokon tilfelle av ulovleg marknadsføring på aftenposten.no og dagbladet.no då tilsynet vart gjennomført, vart det avdekka fleire lovbrot på vg.no og nettavisen.no. Ombodet har også bedt dei to selskapa om ei tilbakemelding på enkelte tilfelle som vi treng meir informasjon om. Førre veke hadde vi møte med VG, og 7. juni skal vi også ha eit møte med Nettavisen.

–  Vi opplever at pressen tar problemstillinga på alvor. Møtet med VG var konstruktivt, og vi håpar at vi saman med mediehusa kan komme fram til gode løysingar som sikrar at forbrukarane ikkje blir lurt av skjult reklame i framtida, seier Nergård.

Les breva til VG, Dagbladet, Nettavisen og Aftenposten her.

Innspel til mediemangfaldsutvalet

Når pressen har tatt i bruk nye reklameformatar er det viktig at dei sett seg inn i og følgjer reglane i marknadsføringslova. Dette er ei problemstilling vi også har løfta fram for Mediemangfaldsutvalet, som har fått i oppdrag å utreia kva slags mål staten skal ha for mediemangfaldet og korleis statens virkemedel best kan nyttast til å stimulere til eit fortsatt mediemangfald i framtida.

Les vårt innspel til mediemangfaldsutvalet her.

Les også: Felles nordisk standpunkt om skjult reklame

18.12.2018

Ikke betal AG Finans for IQ-test

Mange forbrukere har endt opp med å få en faktura på nesten 600 kroner fra firmaet AG Finans etter å ha tatt en IQ-test som angivelig skulle være gratis. Forbrukertilsynet oppfordrer forbrukere som har fått denne fakturaen til ikke å betale.