Enklare å vere straumkunde

17.11.2017 — Brå og overraskande prisauke frå straumleverandøren bør vere historie. Forbrukarombodet har kravd at selskapa skal gi klar og tydeleg informasjon om prisar og vilkår for alle straumavtaler, og dei skal også varsle kundane dersom noko endrast.

SPARE ELLER SLØSE? Portalen strompris.no hjelper deg fram til ei gunstig straumavtale. Selskapa skal varsle deg direkte om avtalen brått kostar meir enn då du teikna han. (FOTO: Unsplash)

Forbrukarombodet sendte i fjor haust ut brev til alle landets straumleverandørar med beskjed om å gjere informasjon om prisar og vilkår klarare og enklare tilgjengeleg. Dei blei også pålagde å sende varsel om endringar direkte til kundane. Ein kontrollaksjon i vinter viste at mange av dei største selskapa hadde fått ting på plass. Hos nokre mindre leverandørar var det framleis ein del å rette opp.

Les meir: Straumselskap må rydde opp i vilkåra

— Alle leverandørane vi har kontrollert sender no varsel om endringar slik dei må, seier juridisk direktør hos Forbrukarombodet, Frode Elton Haug.

— Dei gir også betre informasjon om pris og vilkår som bindingstid og gebyr for brot på avtalen.

Kampanjeprisar eit problem

Det har vore eit problem at fleire straumleverandørar lokkar til seg nye kundar med låge kampanjeprisar for så å skru opp prisen kraftig etter ein månad eller to. Mange forbrukarar har gått inn i slike avtaler etter å ha brukt straumprisportalen til Forbrukarrådet.

Forbrukerrådet har no endra portalen. Det gjer det enklare for forbrukarane å finne den beste prisen og styre unna kortvarige kampanjeprisar.

Prøv sjølv:  Strompris.no

— Det er godt nytt for dei som vil bytte leverandør, seier Frode Elton Haug.

— No er det enklare å styre unna avtaler som på sikt ikkje er så rimelege som dei først så ut til.

Ikkje kjøp over telefon

Det er framleis krevjande å velje straumselskap. Dette er Forbrukarombodets råd for velje rett:

  • Ikkje kjøp straum frå telefonseljarar, på gata eller døra. Desse avtalene er dyrare enn dei du finn sjølv på internett, og har ofte bindingstid og høge gebyr for å seie opp.
  • Styr unna avtaler der du betalar på forskott.
  • Hugs at nokre leverandørar krev eFaktura og/eller avtalegiro for at du ikkje skal måtte betale ein høgare pris.
13.12.2018

Vi legger farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.