Einige om krav til leasing-reklame

12.06.2014 — No skal det bli enklare å få oversikt over kor mykje det kostar deg å lease ein bil. Forbrukarombodet og Finansieringsselskapenes Forening er blitt einige om ei norm for marknadsføring av privatleasing.

No skal all reklame for leasing der prisopplysingar er med, innehalde eit forklarande prisdøme.

Tydelegare og meir informativ marknadsføring skal gjere det enklare for forbrukarane å ta trygge og informerte val når dei vurderer å lease bil.

Prisdømet ser slik ut med informasjon henta frå reklame for leasing:

Startleie/etabl. geb: 43200 kr. Månedsleie: 1795 kr og totalpris: 107820 kr vil variere med rentenivået. 3 års bindingstid, kjørelengde: 45000 km

Droppa viktige prisopplysingar

Forbrukarombodet har dei siste åra sett ei sterk auke i marknadsføring avleasing. Ein gjennomgang ombodet gjorde i vår, viste fleire problematiske høve ved marknadsføringa i bransjen.

Reklamen fokuserer i hovudsak på månadspris og/eller rente. Vesentlege prisopplysingar som startleige og etableringsgebyr, er ikkje med, sjølv om dette utgjer om lag 40 prosent av dei totale kostnadane ved leasing over tre år. Totalprisen er som regel heller ikkje med.

– Det er eit stort økonomisk val å skaffe seg bil, og for enkelte forbrukarar kan kostnadane påverke heile den økonomiske situasjonen. Når nær halvparten av kostnadane ikkje er med i marknadsføringa, er det umogleg for forbrukaren å få oversikt over prisbiletet.

Blandar lån og leasing

Forbrukarombodet har også merka seg at marknadsføring av billån og leasing blir blanda saman i same annonse. Dette gjer det ofte vanskeleg å skilje leasingtilbodet frå lånetilbodet.

Dette er problematisk. Sjølv om begge produkta ofte blir marknadsført med månadspris og/eller ei nominell rente, er dette vesentleg forskjellige produkt med ulike kostnadar. Det er stor forskjell på å låne pengar for å kjøpe ein bil du sjølv skal eige, og å inngå ein leasingavtale.

Forbrukarombodet ventar at alle aktørar som marknadsfører privatleasing av bil, tek ein gjennomgang av gjeldande og framtidig marknadsføring, og gjer dei nødvendige endringane for å oppfylle krava. Dette må skje snarast og innan 1. august.

 

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.