Betre informasjon ved bustadannonsering på nett

04.01.2012 — Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og eigedomsmeklarbransjen har saman med FINN.no kome fram til ei løysing som sikrar at alle bustadannonser på nett alltid inneheld nøkkelinformasjon om bustaden. Ombodet ber no resten av annonseportalane følgje etter.

1. januar 2010 vart det opna for at private bustadseljarar kan annonsere på internett. Forbrukarombodet såg i etterkant av dette fleire dømer på annonsar som ikkje inneheldt tilstrekkeleg informasjon. Bransjenorma for marknadsføring av bustad set opp krav til kva informasjon som skal vere med i annonsane, men denne gjeld berre for meklarane og ikkje for private seljarar. Bransjenorma gir likevel uttrykk for ein standard som også dei private seljarane bør oppfylle.

– Som kjøpar har ein det same behovet for informasjon sjølv om ein vel å kjøpe av ein privat seljar, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Fleire obligatoriske felt

Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og eigedomsmeklarbransjen har utarbeidd ei oversikt over felt som skal vere obligatoriske å fylle ut for seljar. Forslaget vart i første omgang sendt over til FINN.no, som er den største aktøren på marknaden.
FINN.no har no gjort fleire felt obligatoriske å fylle ut – både for private seljarar og for meklarane. Det vil blant anna alltid vere obligatorisk å informere om alle opplysingar kring fellesgjeld og nedbetaling av denne, i tillegg til andre vesentlege prisopplysingar.

Ber resten av bransjen følgje etter

Det finst fleire annonseportalar som tilbyr både meklarar og private å legge ut bustadannonsar. Slik desse nettportalane er lagt opp, er det få felt som er obligatoriske for seljar å fylle ut. Dette kan føre til mangelfulle og villeiande annonsar. Ombodet ynskjer at dei andre annonseportalane skal følgje etter FINN.no og gjere fleire felt obligatoriske.
Forbrukarombodet har sendt ut brev til resten av annonseportalane og bedt dei gjennomføre dei same endringane. Portalane har frist på seg til 20. januar for å stadfeste at endringane vil bli gjort.

25.11.2020

Aktører får brev etter tilsynsaksjon på kroppspress

Forbrukertilsynet har gjennomført en ny tilsynsaksjon for å sjekke omfanget av markedsføring i sosiale medier som kan bidra til å skape kroppspress blant barn og unge.