Barn og unge

Barn har vanskelegare enn vaksne for å forstå kva reklame er og for å vite når dei blir utsette for reklame. Det blir difor stilt strengare krav til reklame som er retta mot barn, som kan sjåast eller høyrast av barn eller som er av særleg interesse for barn.

Kva gjer vi?

  • Vi fører tilsyn med marknadsføring overfor barn og unge i ulike kanalar.
  • Vi sørgjer for at reklame ikkje direkte oppfordrar barn til å kjøpe eller til å mase på vaksne om å kjøpe.
  • Vi medverkar til at skolekontraktar som blir brukte av private utdanningsinstitusjonar er klare og balanserte.
  • Vi medverkar til at forbrukarrettane til barn blir tekne omsyn til når det kjem nye sals- og marknadsføringsmetodar.

Viktig å vite:

  • Reklame som kan sjåast og høyrast av barn:

    Det skal takast spesielle omsyn når ein reklame kan sjåast eller høyrast av barn. Dette gjeld sjølv om reklamen er meint for vaksne.

  • Direkte oppfordring til kjøp:

    Det er eit absolutt forbod mot direkte å oppfordre barn til å kjøpe eller mase på vaksne om å kjøpe noko. Sjå punkt 5.4 i denne rettleiinga.

  • Reklame i barnearenaer:

    Næringsdrivande skal vere forsiktige med å marknadsføre seg i arenaer der barn oppheld seg, som skolar og fritidsarrangement eller i appar og sosiale medium. Marknadsføringslovas regler gjer at det lett kan vere ulovleg reklame.

  • Skolekontraktar:

    Skolekontraktar skal ikkje gjere det vanskeleg for studentane å byte eller slutte på skolen, for eksempel ved uoversiktlege oppseiingsfristar eller høge kostnader. Kontraktane skal gi studentane gode og oversiktlege rettar.

Fakta

  • Over 90 prosent av alle gutar på ti år og jenter på elleve år har sin eigen smarttelefon med tilgang til internett.
(Kjelde: Rapport frå Medietilsynet om Barn og Medier 2018)
11.10.2018

På tide med bransjejustis mot kroppspress i sosiale medier

KRONIKK: Barn og unge bør slippe å bli utsatt for budskap om at veien til lykke og bedre selvfølelse er silikon, fillers og slankepiller, skriver Elisabeth Lier Haugseth direktør i Forbrukertilsynet og Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Fagpersoner