Avsluttar sak mot Nettavisen, fortset forhandlingar med VG

29.06.2016 — Forbrukarombodet er einige med Nettavisen om merking av reklame.

I mai gjennomførte Forbrukarombodet eit tilsyn for å sjekke korleis reklame og kommersielle bodskap er presentert i fire av Noregs største nettaviser; vg.no, dagbladet.no, nettavisen.no og aftenposten.no. Forbrukarane har krav på å vite kven som er avsendar av bodskapen, om det er reklame eller journalistikk, slik at dei kan vurdere innhaldet på rett måte. Under tilsynet fant ombodet fleire brot på forbodet i marknadsføringslova mot skjult reklame i Nettavisen og VG.

Les også: Fleire brot på forbodet mot skjult reklame i nettaviser

Vi har hatt gode og konstruktive samtalar med både Nettavisen og VG, og avsluttar no saken mot Nettavisen.

– Nettavisen har gjort ein del endringar, og vi er no einige om dei punktane kor vi har avdekt brot på marknadsføringslova. No forventar vi at avisa følgjer rutinane dei har skissert for oss for identifisering av reklame i framtida, seier forbrukarombod Gry Nergård.

VG har endra ulovleg marknadsføring av mattenesta godt.no. Men vi vil halde fram med å diskutere merkinga av innhald på MinMote og artiklar som omtalar Vektklubb etter sommaren.

– Samtalane med VG har vært gode og konstruktive. Sjølv om vi så langt har ulikt syn i nokre saker, opplever eg at vi har same ønske om å gjere skiljet mellom reklame og anna innhald så klart som mogleg. Eg  forventar at vi at vi kjem til einigheit, seier Nergård.

Les breva til VG og Nettavisen.

15.10.2019

Forhandlere må merke «ulovlige» sparkesykler

Flere forhandlere selger sparkesykler som ikke kan brukes på norske veier, uten å merke disse syklene godt nok i butikken. Nå ber Forbrukertilsynet alle forhandlere om å gå gjennom merkingen sin slik at ingen forbrukere kjøper en «ubrukelig» sykkel uten at de er klar over det.