Hvem har ansvaret i en AI-drevet medie- og kommunikasjonsbransje?
Arrangør: Mediebyråforeningen
Tid og stad: Mandag 10. august kl. 15:00 – 15:45, GRID-Arendal
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Henrik Kulseng, juridisk seniorrådgjevar
AI gir marknadsførarar, medium, reklamebyrå og mediebyrå nye moglegheiter til å utvikle, målrette og distribuere kommunikasjon med ein effektivitet vi ikkje har sett før.
Korleis blir ansvaret fordelt mellom annonsørar, byrå, medium og teknologiplattformer? Og kva krev dette av både bransje og styresmakter framover?
Slik fanger gamblingindustrien kunder på nett
Arrangør: STIFTELSEN DAM
Tid og stad: Tirsdag 11. august kl. 09:45 – 10:30, Hjerneteltet
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Vegard Grindstuen, juridisk seniorrådgjevar
For pengespelindustrien er det alfa og omega å rekruttere nye kundar. Den strenge norske reguleringa har stengt dei tradisjonelle kanalane for marknadsføring. TV-reklamen er slutt, og ei mengd nettsider utan løyve er blokkerte.
Selskapa bruker derfor andre metodar for å tiltrekke seg nye kundar. Stiftelsen Dam har fått med seg representantar frå Lotteritilsynet, Forbrukartilsynet, Forbrukarrådet og organisasjonen Hyperion for å diskutere denne marknadsføringa.
Fire år med åpenhetsloven
Arrangør: Etisk handel Norge
Tid og stad: Tirsdag 11. august kl. 10:00 – 10:50, Arendal bibliotek
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Christoffer Bjørnum, underdirektør
Det er snart fire år sidan openheitslova tredde i kraft. Medlemane i Etisk handel Norge gjer aktsemdsvurderingar, og mange bruker medlemsrapporten i dette arbeidet.
På dette arrangementet lanserer Etisk handel Norge publikasjonen Åpenhet om ansvar, som inneheld god praksis frå aktsemdsvurderingane til fleire enn 50 medlemar, til inspirasjon for alle som er omfatta av lova og leverandørane deira.
Foto: AdobeStock